Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Kilometer per time

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Km/t)
Fartsmålar eller speedometer i ein bil som viser farten i kilometer per time.

Kilometer per time (kilometer i timen), forkorta km/h eller km/t, er ei eining som vert nytta for å gi opp fart,[1] til dømes farten til levande vesen, køyretøy eller vind. Kilometer per time kan nyttast når ein fastset ei fartsgrense. Internasjonalt nyttar ein forkortinga km/h. Eininga kan utleiast frå SI-einingane meter og sekund.

  • 3,6 km/t ≡ 1 m/s
  • 1 km/t ≈ 0,277 78 m/s
  • 1 km/t ≈ 0,621 37 mph (engelsk mil i timen)
  • 1 knop ≡ 1,852 km/t
  • 1 engelsk mil = 1,609344 km (~1.61 km)
  • 1 mph = ~1,61 km/t
  • 1 km/t = ~0,62 mph
  1. Hofstad, Knut (4. januar 2024). «kilometer per time». Store norske leksikon (på norsk).