Falko Zandstra
Falko Zandstra | |
Statsborgarskap | Kongeriket Nederlanda |
Fødd | 27. desember 1971 (52 år) Heerenveen |
Yrke | skøyteløpar |
Høgd | 189 centimeter |
Falko Zandstra på Commons |
Falko Zandstra (fødd 27. desember 1971) er ein nederlandsk tidlegare skeiseløpar frå Heerenveen. Han vart europameister på heimebane både i 1992 og 1993, i 1993 vart han også verdsmeister på Hamar.
Zandstra meisterskapsdebuterte med siger i EM 1992 i heimbyen Heerenveen. Under Vinter-OL i Albertville tok han sølvmedaljen på 5000 meter, slått med vel to sekundar av vinnaren Geir Karlstad. På tampen av OL-sesongen kom han på andreplass etter Johann Olav Koss då firkamp-VM 1992 vart avvikla i Calgary. I 1993 vann Zandstra både EM og VM i firkamp, begge gongane framfor nemnde Koss.
OL-sesongen 1994 kom Zandstra på tredjeplass både i EM på Hamar, og på 1500 m under dei olympiske leikane på Lillehammer. Sidan vart han nummer to i EM 1995 og nummer tre i EM 1997, begge meisterskapane fann stad i heimbyen Heerenveen.
Han la opp etter 1998-sesongen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Falko Zandstra» frå Wikipedia på nederlandsk, den 5. november 2016.
- Einskildmenn
- Fødde i 1971
- Nederlandske skeiseløparar
- Verdsmeistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Europameistrar i lengdeløp på skeiser – Allround
- Olympiske sølvmedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske sølvmedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Olympiske bronsemedaljevinnarar for Nederland
- Olympiske bronsemedaljevinnarar i lengdeløp på skeiser
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1992
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1992
- Skeiseløparar under vinter-OL 1992
- Medaljevinnarar under vinter-OL 1994
- Nederlandske deltakarar under vinter-OL 1994
- Skeiseløparar under vinter-OL 1994
- Vinnarar av Oscarstatuetten