Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Det bulgarske flagget

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Det bulgarske flagget

Det bulgarske flagget er ein trikolor med tre like breie, horisontale striper i kvitt, grønt og raudt rekna ovanfrå. Flagget vart godkjent i 1879, og er basert på dei pan-slaviske fargane, men har grønt i staden for blått.

Fram til 1990 var det bulgarske riksvåpenet plassert i det kvite feltet inne ved stonga.