Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Dario Cologna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dario Cologna


Statsborgarskap Sveits
Fødd 11. mars 1986 (38 år)
Santa Maria Val Müstair
Idrett langrenn
Tok del i Langrenn under Vinter-OL 2010 – 15 kilometer fristil menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 15 kilometer klassisk menn, Langrenn under Vinter-OL 2014 – 30 kilometer skiathlon menn, Ski-VM 2009, Ski-VM 2011, Ski-VM 2013, Ski-VM 2015, Ski-VM 2017, Ski-VM 2021
Utmerkingar Årets idrettsutøvar i Sveits

Dario Alonzo Cologna (fødd 11. mars 1986) er ein sveitsisk langrennar frå landsbyen Santa Maria i Val Müstair i kantonen Graubünden. Han er olympisk meister 2010 på 15 km, samt verdsmeister 2013 og olympisk meister 2014 på 30 km fellesstart. Cologna vann verdscupen i langrenn både i 2009, 2011 og 2012.

Cologna debuterte i verdscupen i november 2006. To år seinare slo han seg for alvor inn i verdseliten med ein andreplass i eit verdscuprenn over 30 km i La Clusaz i desember 2008. Ein månad seinare vann han «Tour de ski» med god margin til toaren Petter Northug. Han vann også verdscupen den sesongen. I 2010-sesongen hamna han på tredjeplass i Tour de ski, før han vart olympiameister på 15-kilometeren i Vancouver. Totalt kom han på fjerdeplass i verdscupen 2010. I 2010/11 og på ny i 2011/12 vann han Tour de Ski, også desse gongane med Petter Northug på andreplass. Han vann også verdscupen 2011.

I 2021 fekk han Holmenkollmedaljen.[1]

  1. «Holmenkollmedaljen til fire flotte utøvere». Skiforeningen. Henta 25. april 2024. «Maren Lundby, Dario Cologna, Johannes Thingnes Bø og Johannes Rydzek tildeles den høyeste utmerkelse innen ski-idretten.»