Dos Hermanas
Utsjånad
Dos Hermanas | |||||
---|---|---|---|---|---|
Rådhuset i Dos Hermanas | |||||
| |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land | Spania | ||||
Autonom region | Andalucía | ||||
Provins | Sevilla | ||||
Grunnlagd | 1248 | ||||
Borgarmeister | Francisco Toscano Sánchez | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
160 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2014) - folketettleik |
130 369 814,8 /km² | ||||
Koordinatar | 37°17′N 5°55′W / 37.283°N 5.917°W | ||||
Høgd over havet | 42 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 41700-41705 og 41089 | ||||
Nettstad: www.doshermanas.es |
Dos Hermanas er ein by i Andalucía i Spania som ligg 15 km sør for Sevilla. Byen har kring 130 369 (2014) innbyggjarar.
Namnet på byen tyder «to systrer». Dos Hermanas vart grunnlagd i 1248 av kong Ferdinand III av Castilla til ære for systrene til Gonzalo Nazareno, ein av dei viktigaste kommandantane til kongen. På grunn av dette vert innbyggjarane i Dos Hermanas kalla nazarenos/as.
Hovudnæringa i byen er i dag produksjon og distribusjon av olivenolje og «spanske oliven», samt fleire tenesteytande næringar.
Medlemmer av den spanske musikkgruppa Los del Río, best kjend for hitsingelen «Macarena», er frå Dos Hermanas og bur her framleis.
Det står ei 232 meter høg, kraftig radiomast like sør for byen.