Grasmarihand
Grasmarihand | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Dactylorhiza | ||
Art: | D. incarnata | ||
Vitskapleg namn | |||
Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata
(Linné) Soó
| |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik myr, strandeng | ||
Utbreiing: | Eurasia |
Grasmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata), ofte kalla vanleg engmarihand, er ei plante i marihandslekta Dactylorhiza i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.[1]
Systematikk
[endre | endre wikiteksten]Artsdatabanken bruker prinsipielt separate namn på ulike taksonomiske nivå. Her har ein vald å bruke det innarbeidde namnet engmarihand på arten og gi eit nytt namn til nominatunderarten, som har fått det lite innarbeidde namnet grasmarihand. Som oftast vil det vere denne underarten som er meint når ein bruker namnet engmarihand, og mange vel å omtale underarten som «vanleg engmarihand». Artsdatabanken tilrår å bruke grasmarihand.[2] Tidlegare rekna ein blodmarihand som ein egen underart av engmarihand (D. incarnata ssp. cruenta), men i den 8. utgåva av Norsk flora er denne rekna som ein type av grasmarihand.[3]
I Sverige er blodmarihand og voksmarihand ikkje rekna som underarter, men som varietetar, og dermed har òg grasmarihand fått status som varietet (D. incarnata var. incarnata).[4]
I Danmark reknar ein dynemarihand som ein underart (D. incarnata ssp. lobelii) av engmarihand på linje med grasmarihand, medan voksmarihand er rekna som ein varietet (D. incarnata var. ochroleuca). I tillegg har det vore gjort einskildfunn av ei form (D. incarnata f. hyphaematodes).[5]
I Latvia er grasmarihand rekna som eigen art ved sidan av blodmarihand, medan voksmarihand er rekna som underart av grasmarihand.[6] I Litauen er alle desse tre plasserte på artsnivå, og der er grasmarihand førd opp med underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. serotina og D. incarnata ssp. haematodes.[7] I Estland er dei to siste, saman med fleire andre, rekna som varietetar av underarten grasmarihand.[8]
I Nederland skil ein mellom underartane D. incarnata ssp. incarnata, D. incarnata ssp. coccinea og D. incarnata ssp. lobelii.[9] I Belgia reknar ein grasmarihand og dynemarihand (med namnet D. incarnata var. lobelii) som varietetar.[10][11]
I Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean (2019) har ein gått heilt bort frå å definere underartar for engmarihand.[12] I Plants of the World Online held ein fast ved dynemarihand, voksmarihand, blodmarihand, ssp. pulchella og ssp. gemmana som underartar.[13]
Utbreiing
[endre | endre wikiteksten]Grasmarihand veks først og fremst på Austlandet og i Midt-Noreg, så meir og meir spreidd nord til grensa mot Finnmark. Han trivst på kalkrik myr eller strandeng.[14] I Norsk raudliste for artar er underarten vurdert som livskraftig (LC).[15]
Ettersom grasmarihand i Sverige (svensk namn äkta ängsnycklar) er rekna som varietet, er han ikkje vurdert separat for raudlistestatus.[4] Han er rekna som underart i Danmark (status LC, dansk namn kødfarvet gøgeurt)[5] og i Finland (NT) (finsk namn suopunakämmekkä).[16]
Fordelinga på underartar av engmarihand er ikkje fullt ut klarlagd på Dei britiske øyane. Nominatunderarten grasmarihand er likevel rekna som livskraftig (LC) i både den britiske og den irske raudlista,[17][18] på same måte som lokalt i Wales,[19] og han er ikkje nemnd for tiltak i Skottland.[20] I den lokale raudlista for England står han førebels på venteliste (WL) i påvente av meir data.[21]
I Estland er grasmarihand (estisk namn kahkjaspunane sõrmkäpp) vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC).[22] I Latvia er arten (latvisk namn stāvlapu dzegužpirkstīte)[6] vanleg over heile landet og står ikkje som truga på den latviske raudlista.[23] I Litauen er arten (litauisk namn raudonoji gegūnė) vanleg og er rekna som livskraftig.[7]
I Benelux veks arten (nederlandsk namn vleeskleurige orchis, fransk namn orchis incarnat) spreidd i Nederland, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia veks han spreidd, og han er svært sjeldan i Vallonia.[9][24] I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar),[25] I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia.[26][27] I Luxembourg er han òg rekna som kritisk truga (CR).[28]
Hybridar
[endre | endre wikiteksten]I Litauen er det registrert hybridar mellom grasmarihand og voksmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × incarnata ssp. ochroleuca eller Dactylorhiza incarnata nothossp. versicolor).[29][30]
Hybridar mellom grasmarihand og skogmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. fuchsii eller Dactylorhiza ×kerneriorum nothossp. kerneriorum)[31] finst i Noreg på fleire stader,[3] og han er registrert i Sverige (svensk namn hybridnycklar),[32] i Danmark[33] og i Finland.[34] Han veks og spreidd i Storbritannia og Irland,[35] og han er registrert i Estland.[36] Hybridar med flekkmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × maculata ssp. maculata eller Dactylorhiza ×claudiopolitana nothossp. carnea)[37] er ikkje registrert i Noreg,[3] men han finst i Sverige,[38] Danmark[33] og Finland.[34] Han er òg registrert i Storbritannia og Irland, men er sjeldan.[35] I Nederland er denne hybriden (der kalla Dactylorhiza ×carnea) svært sjeldan.[39]
Hybridar mellom grasmarihand og lappmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. lapponica) finst fleire stader i Noreg[3] og Sverige,[40] og er registrert i Finland.[41] Hybridar med smalmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. sphagnicola) er registrert på det sørlege Austlandet i Noreg[3] og i Sverige.[42] Hybridar med purpurmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. purpurella) er funne på det nordlege Vestlandet i Noreg,[3] i Danmark[33] og i dei nordlege delane av Dei britiske øyane.[35] Det er òg registrert hybridar med nominatunderarten Dactylorhiza majalis ssp. majalis av kongsmarihand (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × majalis ssp. majalis eller Dactylorhiza ×aschersoniana nothossp. aschersoniana),[43] i Sverige,[44] i Danmark,[33] i Litauen[45] og i Nederland.[46] I Danmark er det vidare funne hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. integrata,[33] og på Dei britiske øyane er det registrert hybridar med Dactylorhiza majalis ssp. traunsteineroidis, Dactylorhiza majalis ssp. occidentalis og Dactylorhiza majalis ssp. praetermissa.[35] Den siste er òg registrert i Nederland (der kalla Dactylorhiza incarnata × praetermissa).[47]
Nyare funn av ein hybrid med systermarihand (Dactylorhiza incarnata × sambucina) i Småland i Sverige[48] er ikkje verifiserte. I Estland er det registrert hybridar mellom grasmarihand og Dactylorhiza russowii (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × russowii).[49]
Grasmarihand kan òg danne ein intergenerisk hybrid (hybrid mellom ulike slekter) med brudespore (Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata × Gymnadenia conopsea eller ×Dactylodenia vollmannii nothossp. vollmannii).[50] Han er funnen i Røros og Hattfjelldal i Noreg,[3] spreidde stader i Sverige[51] og to gonger i Cornwall.[35]
Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Artsdatabanken: Artsopplysningar grasmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «Artsdatabanken: Namnetre grasmarihand». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022.
- ↑ 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 Reidar Elven mfl. (2022). Norsk flora (8. utg.). Oslo: Det Norske Samlaget. s. 192–193.
- ↑ 4,0 4,1 «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata äkta ängsnycklar». Artdatabanken. Henta 7. mars 2022.
- ↑ 5,0 5,1 «Naturbasen: Kødfarvet Gøgeurt Dactylorhiza incarnata ssp. incarnata». Naturbasen. Henta 7. mars 2022.
- ↑ 6,0 6,1 «Latvijas daba: stāvlapu dzegužpirkstīte» (på latvisk). Enciklopēdija «Latvijas Daba». Henta 6. februar 2023.
- ↑ 7,0 7,1 Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 34-35. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «eElurikkus: Species» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ 9,0 9,1 «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata». FLORON. Henta 16. januar 2024.
- ↑ «Vleeskleurige orchis s.s. – Dactylorhiza incarnata var. incarnata». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata var. lobelii». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024.
- ↑ Rolf Kühn, Henrik Æ. Pedersen, Philip Cribb (2019). Field Guide to the Orchids of Europe and the Mediterranean. London: Kew Publishing. ISBN 978-1-84246-669-8.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza incarnata». Plants of the World Online. Henta 7. februar 2023.
- ↑ «Artskart: Engmarihand, registrerte funn etter 2010». Artsdatabanken. Henta 24. februar 2022. Ettersom grasmarihand ofte vil vere registrert som engmarihand, er det kartet for arten som er vist. Andre underartar er registrerte med avvikande farge frå grønt.
- ↑ «Raudlista: Grasmarihand». Artsdatabanken. 24. november 2021. Henta 24. februar 2022.
- ↑ «LAJI: Dactylorhiza incarnata subsp. incarnata». LAJI.FI. Henta 7. mars 2022.
- ↑ «GB Red List for vascular plants (revised Feb 2021)». Botanical Society of Britain & Ireland. 2021. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Ireland Red List No. 10: Vascular Plants» (PDF). National Parks & Wildlife Service. 2016. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red Data List for Wales / Rhestr o Blanhigion Fasgwlaidd Data Coch ar gyfer Cymru». Plantlife Wales. 2008. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «Scottish Biodiversity List». Scotland's Nature Agency / Buidheann Nàdair na h-Alba. 2020. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «A Vascular Plant Red List for England» (PDF). Botanical Society of Britain & Ireland. 2014. Henta 9. mars 2022.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza incarnata subsp. incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ Torleif Ingelög, Roger Andersson og Martin Tjernberg, red. (1993). Red Data Book of the Baltic Region (på engelsk). Swedish Threatened Species Unit. Uppsala in co-operation with Institute of Biology, Riga. s. 25-68. ISBN 91-88506-00-2. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingskaart: Vleeskleurige duinorchis – Dactylorhiza incarnata». Waarnemingen.be. Henta 17. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijst Vaatplanten 2012» (PDF). FLORON. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Rode Lijsten». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Liste des espèces wallonnes». Instituut voor Natuur- en Bosonderzoek. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «Red List of the vascular plants of Luxembourg». Musée national d’histoire naturelle Luxembourg. Henta 15. januar 2024.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza incarnata nothosubsp. versicolor». Plants of the World Online. Henta 6. februar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 39. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × kerneriorum nothosubsp. kerneriorum». Plants of the World Online. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × maculata subsp. fuchsii hybridnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ 33,0 33,1 33,2 33,3 33,4 Henrik Ærenlund Pedersen og Niels Faurholdt (2010). Danmarks vilde orkidéer. København: Gyldendalske Boghandel, Nordisk Forlag. s. 69–77. ISBN 978-87-02-06386-8.
- ↑ 34,0 34,1 «LAJI: Dactylorhiza incarnata × maculata, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 26. januar 2023.
- ↑ 35,0 35,1 35,2 35,3 35,4 Anne and Simon Harrap (2009). Orchids of Britain and Ireland (2. utg.). London: A & C Black. ISBN 978-1-408-10571-9.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza fuchsii × incarnata ssp. incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × claudiopolitana nothosubsp. carnea». Plants of the World Online. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × maculata subsp. maculata äkta ängsnycklar × Jungfru Marie nycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × carnea». FLORON. Henta 16. januar 2024.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. lapponica äkta ängsnycklar × sumpnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «LAJI: Dactylorhiza incarnata × majalis, sec. Kurtto & al. (2019)». LAJI.FI. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. sphagnicola äkta ängsnycklar × mossnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «PoWO: Dactylorhiza × aschersoniana nothosubsp. aschersoniana». Plants of the World Online. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata var. incarnata × majalis subsp. majalis äkta ängsnycklar × majnycklar». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ Zigmantas Gudžinskas, Mindaugas Ryla (2006). Lietuvos gegužraibiniai (Orchidaceae) – Orchids (Orchidaceae) of Lithuania (på litauisk). Botanikos instituto leidykla. s. 42. ISBN 9986-662-28-1. Henta 6. februar 2023.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza × aschersoniana». FLORON. Henta 16. januar 2024.
- ↑ «Verspreidingsatlas Vaatplanten: Dactylorhiza incarnata × praetermissa». FLORON. Henta 16. januar 2024.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata × sambucina ängsnycklar × Adam och Eva». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «eElurikkus: Dactylorhiza russowii x Dactylorhiza incarnata» (på estisk og engelsk). Tartu Ülikool (Tartu universitet). Henta 6. februar 2023.
- ↑ «PoWO: ×Dactylodenia vollmannii nothosubsp. vollmannii». Plants of the World Online. Henta 26. januar 2023.
- ↑ «Artfakta: Dactylorhiza incarnata × Gymnadenia conopsea ängsnycklar × brudsporre». Artdatabanken. Henta 26. januar 2023.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- (no) grasmarihand hos Artsdatabanken
- (en) grasmarihand i Global Biodiversity Information Facility
- (en) grasmarihand hos NCBI
- Dactylorhiza incarnata subsp. incarnata – detaljert informasjon på Wikispecies
- Livskraftige artar
- Livskraftige artar i Noreg
- Takson namngjevne av Carl von Linné
- Orkidear i Noreg
- Orkidear i Sverige
- Orkidear i Danmark
- Orkidear i Finland
- Orkidear i Storbritannia
- Orkidear i Irland
- Orkidear i Estland
- Orkidear i Latvia
- Orkidear i Litauen
- Orkidear i Nederland
- Orkidear i Belgia
- Orkidear i Luxembourg
- Marihandslekta