Geysir
Ein geysir er ei naturleg varm kjelde som periodisk har utbrot der varmt vatn og damp vert kasta høgt opp i lufta. Fenomenet er kalla opp etter geysiren Geysir på Island. Ordet tyder «gøyse», «strøyme» eller «sprute» på islandsk.
Utbrota skuldast at grunnvatnet i underjordiske kanalar vert varma opp så mykje at det byrjar å koke. Dette skjer gjerne nær ei størkna smelte nede i djupna. Når dampen utviklar seg skjer det ei brå trykkavlasting i djupna, der vatnet vert støyta eksplosjonsaktig gjennom kanalane. Neste utbrot kjem først når grunnvatnet strøymer til i djupna og vert varma opp igjen.
Tida mellom utbrota kan variere frå nokre minutt til over ein månad, og sjølve utbrotet var gjerne berre nokre få minutt. Korleis utbrota utartar seg kan endre seg raskt, ofte i løpet av få år eller tiår. Dette kjem truleg av små endringar i temperaturtilhøve i dei djupare delane av geysiren.
Geysirar
[endre | endre wikiteksten]Geysirar er sjeldne og eksisterer berre nokre få stader på jorda. Det er seks store geysirområde i verda: Island, Yellowstone nasjonalpark i USA, Taupo Volcanic Zone på New Zealand, Kamtsjatka i Russland, El Tatio i Chile og Umnak Island i Alaska.
Tidlegare fanst det varme kjelder ytterlegare to stader i Nevada, kalla Beowawe og Steamboat Springs, men desse tok slutt i 1980-åra då eit nærliggende geotermisk kraftverk reduserte temperaturen og senka grunnvasspegelen.
Det finst fleire enkeltståande geysirar rundt om i verda, både i California, Peru, Bolivia, Mexico, Dominica, Asorane, Kenya og Japan, men ingen andre større klynger av geysirar.
Kjende geysirar
[endre | endre wikiteksten]Namn | Stad | Høgd | Periode | Kommentar |
---|---|---|---|---|
Store Geysir | Haukadalur på Island | Ca. 10 m, tidlegare opp mot 80–100 m | Berre etter jordskjelv | |
Strokkur | Haukadalur på Island | 10–20 m | ca. kvart 10. minutt | |
Steamboat | Yellowstone nasjonalpark i USA | 70–120 m | Sjeldant (seinast 1991) | |
Grand | Yellowstone nasjonalpark i USA | 40–60 m | 8.-12. time | |
Giant | Yellowstone nasjonalpark i USA | 45–60 m | Sjeldant (sist 1994) | |
Giantess | Yellowstone nasjonalpark i USA | 20–55 m | Sjeldant (sist 1995) | |
Old Faithful | Yellowstone nasjonalpark i USA | 30–55 m | Ca. kvart 75. minutt | |
Waimangu | New Zealand | over 300 m | Ikkje lenger aktiv | Tidlegare den høgaste geysiren i verda i perioden 1901-1905 |
Pohutu | New Zealand | ca. 25 m | 15 gonger dagleg |
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- «geysir» i Store norske leksikon, snl.no.