Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Garbage

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Garbage

Aktiv1993–
Sjangeralternativ rock
PlateselskapMushroom Records, Almo Sounds
Garbage i 2012

Garbage er ei skotsk-amerikansk alternativ rockegruppe skipa i Madison i Wisconsin i 1993.[1] Medlemskapet i gruppa har vore uendra sidan starten, med Shirley Manson på vokal og gitar, Duke Erikson på bass, gitar, keyboard og slagverk, Steve Marker på gitar og keyboard og Butch Vig på trommer og slagverk.

Duke Erikson og Butch Vig hadde vore med i fleire band, som Spooner og Fire Town, då dei grunnla Smart Studios i Madison i 1983. Vig, Erikson og audioingeniøren Steve Marker å remiksa songar for band som U2, Depeche Mode, Nine Inch Nails og House of Pain. Marker merka seg Shirley Manson i ein musikkvideo frå prosjektet Angelfish på MTV-programmet 120 Minutes, og Vig inviterte Manson til Smart Studios for å synga på nokre spor. Auditionen var ikkje vellukka, og ho vende tilbake til Angelfish.[1] Manson har sagt ho følte seg overvelda over å prøva seg for Vig, som var produsent for band ho beundra som Nirvana, Sonic Youth og The Smashing Pumpkins. Vig har også sagt at auditionen var nokså uorganisert, og amerikanarane sine problem med å forstå den skotske aksenten til Manson skapte kommunikasjonsproblem.[2] Etter at Angelfish braut saman, vende Manson tilbake til Smart Studios for eit nytt forsøk. Ho byrja arbeida på dei spinkle byrjingane til nokre songar, og gruppa bad henne bli med som fullverdig medlem og gjera ferdig albumet. Manson var med på å skriva og produsera heile albumet i lag med resten av gruppa.[3][1] I august 1994 gav Radioactive Manson løyve til å arbeida med Garbage.[3] Debutalbumet Garbage kom ut i august 1995, og kom til å selja i over 4 millionar eksemplar etter fleire singlar som gjorde det godt på hitlistene, som «Only Happy When It Rains» og «Stupid Girl». Manson blei raskt det offentlege fjeset til gruppa i løpet av ein turne som varte til slutten av 1996.

Garbage opptrer i Reno i Nevada i 2018.

Manson blei hovudlåtskrivaren til gruppa til oppfølgingsalbumet Version 2.0. Også dette hadde stor suksess etter at det blei gjeve ut i mai 1998. I løpet av den to år lange turneen for å støtta albumutgjevinga var Manson modell for Calvin Klein. Gruppa spelte inn opningssongen til James Bond-filmen The World Is Not Enough. Det tredje albumet til gruppa, Beautiful Garbage, hadde Manson sine mest personlege tekstar til då. Albumet hadde ikkje like gode sal som føregangarane sine, men Garbage hadde suksess på verdsturneen som støtta det.

Tekstane til Manson blei meir tydeleg politiske på det fjerde albumet til Garbage, Bleed Like Me frå 2005. Singelen «Why Do You Love Me» hadde overraskande suksess, og albumet gav gruppa nokre av dei høgaste listeplasseringane hennar. Garbage byrja ein lang pause i oktober 2005. Gruppa vende tilbake til studio i 2010 for å skriva og spela inn materiale til eit femte album,[4] Not Your Kind of People, som kom ut i mai 2012 etter eit sju år langt opphald frå innspelingar. Gruppa gav ut Strange Little Birds i 2016, og No Gods No Masters i 2021.

I 2021 opna Garbage for Alanis Morissette på hennar 2020 World Tour: Celebrating 25 Years of Jagged Little Pill, ein turné som var blitt utsett på grunn av koronapandemien.

Diskografi

[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum

[endre | endre wikiteksten]
  • 2002 – Special Collection
  • 2007 – Absolute Garbage
  1. 1,0 1,1 1,2 Jim Forbes (narrator) (31. mars 2002). «Garbage». Behind The Music. VH1. 
  2. Brodsky, Rachel (13. august 2015). «Shirley Manson and Butch Vig Answer 20 Questions for the 20th Anniversary of 'Garbage'». Spin. Henta 6 September 2015. 
  3. 3,0 3,1 153 F.Supp.2d 462 RADIOACTIVE, J.V., Plaintiff, v. Shirley MANSON, Defendant. No. 01 Civ.1948(SAS). United States District Court, S.D. New York. (29 July 2001)
  4. «Singer Manson introduces new husband to students in Paisley». Glasgow Herald. Arkivert frå originalen 27 December 2010. Henta 13. februar 2011. 

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Garbage