Altenburg
Utsjånad
50°59′00″N 12°26′00″E / 50.98333°N 12.43333°E
Altenburg | |||
by | |||
Land | Tyskland | ||
---|---|---|---|
Stat | Thüringen | ||
Areal | 45,69 km² | ||
Folketal | 31 580 (31. desember 2023) | ||
Altenburg 50°59′06″N 12°26′00″E / 50.985°N 12.433333333333°E | |||
Wikimedia Commons: Altenburg (Thuringia) |
Altenburg er ein by som ligg lengst aust i den tyske delstaten Thüringen, nær grensa til Sachsen og Sachsen-Anhalt.
Mellom historiske personar med tilknyting til Altenburg står i første rekkje keisar Fredrik Barbarossa. Han oppheldt seg ofte i byen og hadde stor innverknad på utviklinga der. Seinare var Altenburg residensby for hertugdømmet Sachsen-Altenburg.
Innbyggjartalet i byen låg på det høgaste i 1981, med ein folkesetnad på 55 827. Sidan då har tala på innbyggjarar vorte redusert med rundt ein tredel, til det i 2007 låg på 36 703. Byen har eit areal på 45,60 km².
Den regionale flyplassen Leipzig-Altenburg lufthamn ligg 5 km aust-søraust for Altenburg (og 42 km sør for Leipzig).
Oppfinningar
[endre | endre wikiteksten]- Skat - Aust-Tyskt Kortspel
- Gumpert - Sportsbil
Bilete
[endre | endre wikiteksten]-
Rota Spitzen (dei raude spirane) er kjennemerket i byen
-
Altenburg slott
-
Rådhuset frå 1564
-
Jernbanestasjonen frå 1878
-
Flyplassterminalen
-
Bru til øya med den zoologiske hagen