Aktobe oblast
Utsjånad
Aktobe • Aqtöbe | |||
Ақтөбе | |||
oblast | |||
|
|||
Land | Kasakhstan | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Aktobe | ||
Areal | 300 629 km² | ||
Folketal | 797 036 | ||
Tidssone | UTC +5 | ||
Aktobe oblast 50°17′04″N 57°13′48″E / 50.284444444444°N 57.23°E | |||
Kart som viser Aktobe oblast.
| |||
Wikimedia Commons: Aktobe Region |
Aktobe eller Aqtöbe (kasakhisk Ақтөбе облысы, Aqtöbe oblysy) er eit oblast i Kasakhstan. Hovudstaden er Aktobe. Oblastet dekkjer eit areal på 300 629 km² og er det nest største i Kasakhstan etter Karagandy oblast.
Aktobe oblast grensar til Russland i nord og Usbekistan i sør, i tillegg til dei seks andre oblasta Atyrau oblast, Mangystau oblast, Karagandy oblast, Kostanaj oblast, Kyzylorda oblast, and Vest-Kasakhstan oblast. Ilek, ei sideelv til Uralelva, renn gjennom oblastet.
Namnet Aktobe kjem frå det kasakhiske Ақ («kvit») og төбе («ås») og kjem visstnok av at dei første busetjarane her kunne sjå dei kvite fjella langt nord.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Aktobe Province» frå Wikipedia på engelsk, den 16. januar 2008.