Žirje
Utsjånad
Žirje | |
---|---|
Satellittbilete av Žirje | |
Geografi | |
Stad | Adriahavet |
Koordinatar | |
Øygruppe | Šibenik
|
Areal | 15,06 km²
|
Administrasjon | |
Land | Kroatia |
Fylke | Šibenik-Knin
|
Demografi | |
Folketal | 124 (2001)
|
Žirje er ei øy i Adriahavet ved kysten av Kroatia. Ho ligg i øygruppa Šibenik, om lag 22 km sørvest for byen Šibenik. Det gjer ho til den øya i øygruppa som ligg lengst frå land av dei busette øyane.[1] Øya består av to kalksteinstoppar med ein frodig dal mellom.[2] Ho har eit areal på 15,06 km² og eit folketal på 124 (2001).[3] Folketalet har gradvis minka (720 innbyggjarar i 1953, og 207 i 1981).[2] Den einaste landsbyen på øya heiter òg Žirje. Vegetasjonen på øya er hovudsakleg krattskog.[4]
Hovudnæringae på øya er jordbruk (vindruer, oliven, plommer, fiken og surkirsebær) og fiske.[2][4] Sjøen rundt Žirje er rik på fisk.[1][5]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 Žirje på adriagate.com
- ↑ 2,0 2,1 2,2 General Encyclopedia of Yugoslavian Lexicographic Institute, volume 8 (Zagreb, 1982), article Žirje.
- ↑ Statistisk årbok 2006 for Kroatia
- ↑ 4,0 4,1 peljar.cvs.hr
- ↑ Žirje på croatiatouristcenter.com, arkivert frå originalen 9. november 2006, henta 14. mars 2007
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]- Žirje på infoadriatic.com Arkivert 2008-10-18 ved Wayback Machine.
- Offisiell side Arkivert 2007-09-29 ved Wayback Machine.