Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Pulp Fiction: Skilnad mellom versjonar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sletta innhald Nytt innhald
Addbot (diskusjon | bidrag)
s robot: fjerna 54 interwikilenkjer som er flytte til d:q104123Wikidata
NjardarBot (diskusjon | bidrag)
s robot: fjerna skanwikikommentar; kosmetiske endringar
Line 35: Line 35:
[[Kategori:Filmar frå 1994]]
[[Kategori:Filmar frå 1994]]
[[Kategori:Filmar frå USA]]
[[Kategori:Filmar frå USA]]

<!--interwiki (no, sv, da first; then other languages alphabetically by name)-->


{{Link FA|bs}}
{{Link FA|bs}}
{{Link FA|hr}}
{{Link FA|it}}
{{Link FA|it}}
{{Link FA|mk}}
{{Link FA|mk}}
{{Link FA|hr}}

Versjonen frå 16. mai 2013 kl. 21:22

Pulp Fiction er ein amerikansk film frå 1994 og var det store gjennombrotet for regissør og manusforfatter Quentin Tarantino. Den vann Gullpalmen ved Cannes filmfestival i 1994, og Oscar for beste manus i 1995. Filmen var også nominert til ei rekke andre Oscar-prisar, mellom andre beste film. Lenge hadde den rekorden for flest bannord i ein film (ordet «fuck» blir sagt 271 gonger), men vart 1999 gått forbi av South Park: Bigger, Longer & Uncut.

Heile handlinga i Pulp Fiction går føre seg i Los Angeles. Historia dreiar seg rundt fleire mindre historier som til slutt viklar seg saman. Filmen hoppar også fleire gonger fram og tilbake i tid. Tematikken er mellom anna stoffmisbruk og svindel i kriminelle miljø.

Eit anna særtrekk ved Pulp Fiction, som og er typisk for Tarantino sine filmar, er dei mange diskusjonane mellom rollefigurane om trivialitetar – som eksempelvis kvifor ein «quarter pounder»-burgar kallast «royale» i Frankrike, eller om hunden er eit skittent dyr eller ikkje.

Rolleliste

Rolle Skodespelar
Vincent Vega John Travolta
Jules Winfield Samuel L. Jackson
Butch Coolidge Bruce Willis
Mia Wallace Uma Thurman
Marsellus Wallace Ving Rhames
Winston Wolf Harvey Keitel
Ringo Tim Roth
Yolanda Amanda Plummer
Jimmie Quentin Tarantino

Bakgrunnsstoff

Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA Mal:Link FA