Nothing Special   »   [go: up one dir, main page]

Hopp til innhald

Elsfjord

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Versjonen frå 16. januar 2010 kl. 21:28 av RoarBot (diskusjon | bidrag) (Robot endra: frå <Vefsn kommune> til <Vefsn kommune>)
Elsfjord

Elsfjord er ein tidlegare kommune i Nordland. Kommunen vart skild ut frå Hemnes som eigen kommune i 1929. I 1962 vart Elsfjord slått i hop med Drevja, Vefsn og Mosjøen kommunar til Vefsn kommune.

Elsfjord er òg eit sokn i Vefsn prestegjeld. Då Elsfjord kyrkje vart bygd i 1955, høyrde kyrkjelyden enno til Hemnes prestegjeld.

Elsfjord har ein fådelt skole med barnehage. Frem til 1945 gjekk riksvegen nordover gjennom Elsfjord. Derfrå var det fergjesamband ut Elsfjorden til Hemnesberget. Fergjetrafikken tok slutt då vegen over Korgfjellet vart opna. Nordlandsbanen passerer Elsfjord, men stasjonen i Elsfjord er nedlagd, og næraste jernbanestasjon er Drevvatn stasjon. Det har vore planar om å byggje ein stor flyplass for Helgeland ved Vesterbekkmoen - Drevvatnet i Elsfjord, men planane har stoppa opp på grunn av regional usemje og usikre verprognosar.

På vestsida av Elsfjorden ligg Elsfjorden naturreservat, som inngår i verneplan for barskog i Noreg.

Historiske elsfjordingar:


Sjå òg:

O. Rygh: Norske Gaardnavne